Me ønskjer oss fleire bøsseberarar i Klepp!
Søndag 18. oktober går me årets viktigaste søndagstur, og me håpar du vil vera med.
TV-aksjonen i år går til NRC Flyktninghjelpen og skal gi menneske på flukt eit trygt heim og håp for framtida.
Pengane skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre buforhold i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.
For at me skal klara å nå ut til alle heimar i Klepp, treng me mange fleire bøsseberarar. Ei bøsse samlar i snitt inn 2300 kr, og mange gir kontantar eller med Vipps.
Det einaste du treng å gi, er to timar av søndagen din.
Ta med familien, ein venn, naboen, kollegaen – eller gå åleine. Du får ei rute, ei bøsse og høve til å gjera ein heilt konkret forskjell.
Etter turen blir det servering av gratis kaffi og kake, og diplom til dei yngste.
Bli med på årets viktigaste søndagstur 18. oktober!
Vi går saman for menneske på flukt.